- +

Vei- og anleggsfaget

Skjermbilde 2014 11 10 kl. 09.07.14

Anleggsbransjen er i stadig utvikling, med nye maskiner, utstyr og arbeidsmetodar. Arbeidsoppgåvene må ofte utførast i vanskeleg terreng, og det er derfor viktig å ta vare på tryggleiken, både for seg sjølv og for andre.

Veg- og anleggsfaget har vegarbeid, grunnarbeid og arbeid med kommunaltekniske anlegg som sentrale arbeidsområde. Faget skal sikre samfunnets behov for vedlikehald og utbygging av infrastrukturen.Anleggsbransjen er i stadig utvikling, med nye maskiner, utstyr og arbeidsmetodar. Arbeidsoppgåvene må ofte utførast i vanskeleg terreng, og det er derfor viktig å ta vare på tryggleiken, både for seg sjølv og for andre. Anleggsarbeidaren handterer kostbare maskiner, og driftsstans kan få store konsekvensar.

Opplæringa skal medverke til å gi kompetanse på anleggs- og grunnarbeid knytt til bygging, drift og vedlikehald av vegar. Opplæringa skal leggje vekt på bruk og vedlikehald av maskiner og utstyr. Vegbygging fører til store inngrep i naturen og miljøet, og opplæringa skal fremme ei medviten haldning til miljø- og ressursspørsmål.

Opplæringa skal fremme gode arbeidsvanar i samarbeid med kollegaer og andre yrkesutøvarar. Opplæringa skal sikre gjeldande krav til helse, miljø og tryggleik.

Fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev. Yrkestittel er veg- og anleggsarbeidar.

Se læreplan